Skuletilbod
Museet kan tilby ulike aktivitetar knytt til båt, sjøliv, leirliv og lokalhistorie
Båt og båtbruk
- handtere båten med årar og evt. segl
- fortøying
- sjøkart og merkesystem
- finne vegen
- styringsreglar
- fiske
- stell av båt og rigg
Tradisjonelle opne bruksbåtar vert nytta. Museet stiller med høvedsmann og rettleiar. Område ein vil ferdast i, er ved og rundt øya.
Segling med jekta, Anna Olava
Opplæring i segling av jekt, der elevar tek del som mannskap.
Alder: Frå 15 år og oppover. Høve for 10.klassingar og vidaregåande skule.
Antal: 12 elevar, 2 lærarar. I tillegg kjem bestmann og høvedsmann.
Handverk og reiskapsbruk
- tauverksarbeid
- seglmakararbeid
- rigging
- vedlikehald av båten
Aktivitetar knytta til desse tema vil føregå i sjøbud og naust. Museet stiller med rettleiar.
Historie og tradisjon
- Vikingtid
- Middelalderen
- Ferdsel i gamal tid
- Historier og tradisjonar på øya
- Kyrkjene og Klosterhaugen
- Prestegarden
- Handelsstaden
- Jektefart
Omvisning og historiefortelling av folk ved museet.
Leirliv
- telt/lavvu
- kokeutstyr
- koke og steike på bål
- hellekaker og pinnebrød
Museet har til utleige 3 stk. 8 manns lavvuar, 3 bålpanner og 2 steikeheller. Elevane vil få opplæring i oppsetting av lavvuar (samisk telt), generelt leirliv og matlaging på bål.
Planlegging og tinging
Planlegging og gjennomføring av desse aktivitetane krev eit nært samarbeid med lærarane.
Museet må vite dato, klokkeslett og kor lenge opphaldet vil vare seinast 2 veker før frammøte.
Prisar
Dagsleige av småbåt for skular: Kr 150,- per båt.
Dagsleige av jekt for skular: Kr 600,-
Døgnleige av lavvu: Kr 150;- per lavvu.
Rettleiing/Omvisning: Skuleklasser (pr. elev) kr 20,-.