Kulturminnedagen 15.september 2013 - ”Historiske kvinner og menn - deltaking, felleskap og handling”
Hørey-marknad og kulturprogram på Herøy kystmuseum
Søndag 15. september Kl. 12.00 – 18.00
Søndag 15. september fører alle vegar – til lands og på sjø - til Herøy Gard midt i farleia på Søre Sunnmøre. I generasjonar var her senter for kyrkje, handel og politikk og ein av dei viktigaste møtestadane for både lek og lærd, fiskarar og handlande, kyrkjegjengarar og presteskap.
Denne dagen, som er den europeiske kulturminnedagen med tema ”Historiske kvinner og menn - deltaking, felleskap og handling”, arrangerer museet sin årlege ”Hørey-marknad”, der tradisjonsbærarar innan handverk, sjøbruk, husflid og matstell møtest for å by fram varene og kunnskapane sine.
Inngongsprisar: Vaksne kr. 60,- / born 6 – 14 år kr. 30,-
Herøy Kystmuseum har ikkje betalingsterminal, så gjer vel å ha med kontantar.
Kulturprogram: I høve 100 år med stemmerett for kvinner, kåseri om Magdalene Thoresen, prestefrue i Herøy frå 1840-44.
Meir informasjon om programmet generelt kjem seinare.
Sjølvsagt vert det godt høve for publikum, små som store, å få prøve seg på gamle handverk, smake på tradisjonskost, vere med på leik og løye, ta seg ein rotur eller rett og slett berre sjå på åtgaumen i tun og hus.
Publikum skal heller ikkje gå svoltne heimatt, for her vert salg av ulik mat.