Restaurering av sjøbud
No har me starta med vølinga av framveggen på sjøbuda. Berande konstruksjon og kledning skal skiftast ut. Tidlegare i år, har me øksa (rydd) og dimensjonert den materialen som skal nyttast, sjå lenger ned på sida.
Dette er eit omfattande arbeid med mange spennande problemløysingar. Ein lyt jekke opp buda i framkant, støde av og felle inn nye delar. Det er Kåre Løvoll og co som utfører arbeidet i nært samarbeid med museet.
Du er hjartleg velkomen å bisne på arbeidet etterkvart som det skrid fram. Dette er nok eit arbeid som vil føregå langt utover våren 2010.
Bygging av kai
I 2009 har museet arbeidd med ei ny kai framfor sjøbuda. Tidlegare såg ein berre steinkara etter påbygginga av sjøbuda siste halvdel av 1800-talet. Difor var det vanskeleg å nytte tilkomsten med båt.
Med kai på desse gamle steinkara, kan jekta ("Anna Olava"), få sin faste plass ved museet. Det vert no enklare å losse inn og ut. Samtidig kjem formidlinga av fiskefraktinga ut frå handelsstaden, betre fram.
Kaia vert også ein flott plass og sett seg ned, nyte roa og slikke sol i den sydvente budaveggen.
"Hørei, glimt av liv ved havets allfarveg"
11 - 18.mai
Eit samarbeidsprosjekt mellom museet, seniorane og skulane i Herøy. Formidlingsopplegg for 8. og 9.klasse.
Eit skuleformidlingsopplegg med bruk av skodespelarar, seniorar i kommuna og museumspedagogar. Initiativtakar er eigarstyret ved Herøy Kystmuseum.
Formål
Vi ynskjer å gje born og unge ein dag ved Herøy Gard der dei vert kjent med historia til heimstaden sin. Av fortid og samtid gror framtida vår, og dei unge er framtida til Herøy.
Målgruppe
I år var det 8. og 9.klasse som fekk dette tilbodet. Om lag 50 elevar per dag var med på opplegget. Det vil også verte køyrt ei tilpassa framsyning under marknadsdagane den 29 - 30.august.
Prosjektskildring
Skuleelevane fekk ein dag på Herøy Gard der dei møter historia til heimstaden sin på ein ny og spennande måte. Prosjektet gjekk over ei veke, og målet var at alle 8-9.klassene i kommuna skulle få ta del. Vi ynskjer at dette skal bli ei årleg hending for unge og eldre i Herøy, og soleis skape ein møtestad mellom desse. Eigenverdien av denne interaksjonen er stor, og ein del av den overordna målsetjinga. Prosjektet kan òg nyttast i andre samanhengar, ein kan tilby det til skular i nabokommunane, og nytte det i generell marknadsføring av staden og kommuna.
Prosjektet er delt i tre:
Den eine delen vil finne stad ved kyrkjetuftene. Vi kallar denne delen for "Himmelsk lapskaus". Her skal vi formidle kyrkjestaden Hørei frå ca år 1050 - 1916. Skodespelarar vil ta elevane med på ei vidfemnande reise i Hørei si historie.
Den andre delen vil finne stad i og ved sjøbud, naust og i båt. Vi kallar denne delen for "Fiskar og tilverkar". Her skal seniorane ilag med museumsansatte formidle virket til fiskarbonden og dei som arbeidde i sjøbuda på handelsstaden. Elevane skal aktivt ta del i lag med tradisjonsberarane. I år fekk elevane vere med å tilvirke klippfisk, rå fisk vart flekt, salt fisk vart vaska og fisken vart tørka på berga. Alle fekk ete seg mette på kvit bacalao.
I den siste delen vil ein profesjonell forteljar gjennom skildring av handelsmannen Sivert Olsen si kone, "Anne Olava" sitt liv som husfrue på Herøy Gard, setje fokus på kvinnene sine liv og arbeid på handelsstaden i det 17. og 18. hundreåret.
Reparasjon av taket på våningshuset, 14 - 29.april.
Fyrste sommardag starta me opp med reparasjon av taket på våningshuset på handelsstaden. Det er firmaet, Inge Kolås AS, med Tore Stokke som arbeidsleiar, som utfører arbeidet. Onsdag 29.april vart stillaset teke ned.
Takrennene har fått nye treprofilar, med koparbeslag. Dei gamle rennene frå 1970-talet har gjort si tjeneste og er no skifta ut. Mykje av teglsteinen på taket er skifta. No står det att å male oppatt heile huset. Det skal få sin orginale farge på sør og austvegg, nemeleg lysgrå med kvite lister. Elles vert huset raudt (mørk engelsk rød).
Sunnmøre folkehøgskule deltek i rigging og klargjering av jekta, 15.april.
Jekta vart denne dagen løyst frå fortøyningane i vinterhamna ved Anhangaren. Elevar frå Sunnmøre folkehøgskule var med å hjalp til med arbeidet. Jekta vart lagd ved sjøbuda, der ho fekk ombord segl, seglreide og anna utstyr. Det slo til med eit strålande vårvèr med sol og blå himmel.
Elevane har vore med jekta fleire gongar tidlegare, både på tokt og nedrigging. Dei har etterkvart vorte flinke med ulikt jektearbeid, so denne dagen gjekk som ein leik.
Elevane såg ut til å trivast med arbeidet i vårsola, berre blide andlete var å sjå. Ut på ettermiddagen stemnde dei mot Ulsteinvik, der jekta skal ligge nokre dagar. Dei skal på fleire dagsturar før tokta går inn i Hjørungfjorden i neste veke. Då vert det både segling med jekt og skigåing i fjella!
Grindbygging ved museet
Norvald Øye, frå Brudavolltunet, borar hol for trenaglar i skråbanda. |
Museet driv å bygg eit lite grindbygg på 2 x 2,5 m. Bygget skal stå ved parkeringsplassen og ha fleire funksjonar. Bygget skal huse bossdunkane, og på eine veggen mot vegen, skal det etterkvart hengast opp ei informasjonstavle om museet og staden. Grindbygget vil også i seg sjølv synleggjere denne tradisjonelle sunnmørske byggeskikken.
Museet tek på seg bygging av slike små grinder til private. Det er berre å ta kontakt! Slike bygg kan nyttast til t.d. postkasseskur, garasjeport, naust, vedahus og mykje anna. Det er berre fantasien som set grenser!
Elev på arbeidsveke 16-20.februar
Adrian Moltu Steger høgg snidband. |
I veke 8 har museet hatt ein elev frå Herøy vidargåande skule på utplassering. Eleven går på tømrarlinja og heiter Adrian Moltu Steger.
I fem dagar har han fått vore med museumsstyraren i ulikt musealt tømrararbeid. Musea treng nye handverkarar, og dette var ei godt høve til å prøve å rekruttere framtidige museumstømrarar.
Eleven har vore med på barking og rying av stokkar, bygging av grind med hogging og felling av grindknute og skråband. Han har lært å lage trenaglar til grindkonstruksjon. Siste dagen fekk han også vere med på handsagskjering av stokk på sagstilling.
Eleven sin kommentar fredag, etter ykta med saging; "I kveld kjem eg til å sovne i 18 tida!"
Rying av stokkar 27.januar til 4.februar
Kåre Løvoll svingar ryslebila. |
Sjøbuda på Herøy Gard treng å vølast oppatt. Heile veggen mot sør skal få nye stavar, bjelkar og bordkledning.
Arbeidet skal utførast på gamlemåten, etter slik som det er gjort i buda frå 17-1800-talet. Både materialkvalitet og reiskapbruk har vorte nøye studert i den gamle delen av buda. No skal materialen dimensjonerast med øks, det vil seie ryast med ryslebile.
Handverkar, Kåre Løvoll, busett i Volda, er angasjert til arbeidet. No, i veke 5 og 6, har han og ein finsk næming ilag med museumsstyraren, rydda om lag 700m med øks.
No er den ferdig dimensjonerte materialen lagt til tørk, i påvente av oppstart med restaureringa av sjøbuda.